Fans av nettspelet goSupermodel har betalt over 850.000 kroner for å få relansert spelet. Dataspelet retta seg mot jenter i alderen 10-16 år.
Spelet vart oppretta i 2006 og handlar om at brukarane skal kle på og style sin eigen modell. Skaparane av spelet oppretta kronerullinga for å sjå om det var interesse for å få det tilbake på nett.
Målet var på 35.000 euro, eller om lag 375.000 kroner. Responsen frå fansen var altså langt over dette.
Les også: Bjørn-Sigurd designar dataspel: – Matte er gøy når du faktisk brukar det til noko