Bjørn-Sigurd designar dataspel: – Matte er gøy når du faktisk brukar det til noko

17-årigen frå Stord set lærdomane frå mattetimen ut i praksis når han byggjer si eiga verd på dataskjermen.

– Om du synest matte er kjedeleg, er det fordi skulen får deg til å tru at matte er kjedeleg. Det er ganske gøy når du faktisk brukar det til noko, som å skrive kode, fortel Bjørn Sigurd Sælevik Fjose engasjert.

17-åringen frå Stord vidaregåande skule fortel at han kan sitje i timesvis og skrive kode. Heile dagar har gått med i kode-bobla, der han berre reiser seg for å ete.

– Eg skjønar ikkje heilt korleis eg ikkje vert lei, seier han.

Lagar sine eigne dataspel

Frå Pecha Kucha-scena på Stord skildrar Bjørn Sigurd seg sjølv som ein kreativ type – han lagar filmar, tek bilete og går på dramalinja på skulen. Det siste året har han også oppfylt ein draum mange har: Han lagar sine eigne dataspel.

Det får han til ved hjelp av koding:

– Då skriv ein eit språk som PC-en forstår – det er masse logikk, ein del matte, og mykje problemløysing du lyt halde på med, seier han.

I programmet han brukar, Unity, er det berre fantasien som set grenser. Du kan lage kva du vil: Kjempestore, kompliserte spel eller små enkle spel.

– Og så er det endelaust mange måtar å skrive koden på, det er ingen fasitsvar.

Foto: Koding

Planlegging er nøkkelen

Med så mange mogelegheiter er det avgjerande å planlegge. Viss ikkje vert det berre rot og du vert lei av det du held på med, seier 17-åringen.

Bjørn Sigurd fortel at mange gapar over for mykje for tidleg. Ein berre lastar ned eit program for å lage spel, og vert overvelda av alt ein kan gjere.

– Ein må ta det litt trinn for trinn, seier han.

Det er fleire ting du lyt tenkje over før du set i gong. Vil du ha ei historie i spelet ditt? Eit lydspor? Korleis skal spelet eigentleg fungere?

Bjørn Sigurd fortel at 30-40 prosent av tida han brukar på å lage spel difor går med til research. På internett finst det eit kvelv av gode kjelder, fortel 17-åringen. Han tipsar mellom andre om Brackeys på YouTube, som lagar enkle innføringsvideoar for gryande spel-designarar. Samstundes er det god læring i spelet Minecraft og i programmet Scratch.

– Dette har hjelpt meg forstå korleis skript verkar, seier Bjørn Sigurd.

Foto: Privat