Mads Hansen har laga ein Spleis (ei pengeinnsamling) for å gjere jula betre for barnefamiliar med dårleg råd.
Pengane går til organisasjonen Rett Fram Opplevelser. Dei inviterer gjester til julemiddag og sender ut julegåver til born i familiar som har lite pengar.
Mads Hansen sette først eit mål om å samle inn 100.000 kroner, men dette vart fort knust. Den 14. desember passerte innsamlinga 3 millioner kroner.
Se dette innlegget på Instagram
Kygo gav 100.000
Fleire kjende namn har kasta seg på innsamlinga. Artisten Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) har gitt 100.000 kroner, og Alan Walker har gitt 50.000 kroner.
Også artistane Staysman, Petter Katastrofe, komikar Kevin Vågenes, idrettsprofil Thomas Alsgaard og radiovert Niklas Baarli har donert pengar.
Mads Hansen seier til VG at det finst born som kvir seg til jul fordi dei merkar på kroppen at dei kjem frå mindre rike familiar.
– Og born som kvir seg til å byrje på skulen på nyåret, for då vert dei spurde om kva dei fekk til jul, og då har dei kanskje ikkje fått noko. Tanken på det gjer vondt. Eg ønsker at ingen born skal ha det sånn, seier han til VG.