Fleire barn lever i fattige familiar – synest det er flautt og urettferdig

Å komme frå ein fattig familie kan gjere at born får dårlegare helse og gjer det dårlegare på skulen.

Raude Kors har laga ein rapport der born fortel om korleis det er å vere fattig i Noreg. Mange av borna synest det er flautt, skamfullt og urettferdig. 

Dei merkar det på skulen, til dømes når dei ikkje har råd til skulemat, utstyr, avslutningar og turar. Og på fritida treng ein pengar til å drive med aktivitetar og kjøpe utstyr. Det kan også vere press blant vener om å ha merkeklede og nye mobiltelefonar.

Born heilt ned til ni år kan merke korleis det er å ikkje ha pengar. 

– Ein kan kjenne seg verdilaus. Ikkje viktig. Ein kan bli mobba fordi ein ikkje har det andre har, er det eit barn som seier i rapporten.

Færre moglegheiter

Å vere fattig i Noreg er annleis enn å vere fattig i andre land. Mange stader i verda kan fattige menneske mangle mat, husly, skulegang, helsetenester eller tilgang på reit vatn.  

Når vi ser på kven som er fattig i Noreg, samanliknar vi med gjennomsnittet. I Noreg kan fattigdom handle om å vere utanfor og ikkje ha dei same moglegheitene som andre. 

Fattigdom og utanforskap kan gi dårlegare motivasjon på skulen, dårlegare kosthald og helse, og dårlegare forhold til familie og naboar.

Skilnadane aukar

På 2000-talet har andelen born under 18 år i fattige familiar auka. I 2020 var 115.000 norske born frå fattige familiar, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå. Det er flest familiar med innvandrarbakgrunn som er fattige.

Nokre grunnar til fattigdom kan vere at foreldra manglar jobb eller utdanning, at ei mor eller ein far er åleine med borna, eller at det er mange born i ein familie.

Vil ha gratis utstyr

I rapporten til Redd Barna har borna sjølve kome med nokre forslag til kva som kan hjelpe born i fattige familiar. Her er nokre av forslaga:

  • Gratis mat, melk, frukt og utstyr på skulen.
  • Klasseturar og leirskule bør ikkje koste pengar.
  • Billegare eller gratis fritidsaktivitetar og idrett.
  • Meir informasjon om ordningar som kan gi støtte til fritidsutstyr og medlemskap.
  • Økonomikurs til foreldre som treng det.
  • Alle må få ein trygg plass å bu.
  • Gratis barnehage, så foreldra kan jobbe.

Les også: Sjå dei enorme forskjellane mellom fattig og rik