Lista sorterer 172 byar etter kor dyrt det er å bu i dei. I løpet av dei siste 10 åra har Singapore toppa lista 8 gonger. Tel-Aviv i Israel hadde fyrste plass i fjor, men vart dytta ned til tredje plass i år.
Grunnen til at Singapore og New York er på toppen av lista, er fordi det er her prisane har stige aller mest. Ting som bil og bustad er dyrare enn mange andre stader.
Både krigen mellom Russland og Ukraina, og det at Kina har heldt fram med koronarestriksjonar har påvreka økonomien til fleire av byane på lista.