«Goblin mode» betyr å vera lat, å gjera kva ein vil, vera grådig og å ikkje bry seg om kva andre meiner eller forventar.
Oxford English Dictionary kåra ordet til årets ord 2022 på grunn av korleis me blei vant til å oppføra oss under og etter korona-pandemien, og korleis me held fram med å oppføra oss med alle krisane som skjer i verda. Mange bruker meir tid heime, og kosar seg med tv-seriar, gaming, og er mindre fysisk sosiale enn før.
Finn på rampestrekar
Goblin er små fiktive vesen som opptrer i europeisk folketru. Dei er lure og frekke, og kan finna på rampestrekar.
Ordet dukka første gong opp på Twitter i 2009, og gjekk viralt i sosiale medium i 2022, skriv Oxford English Dictionary i ei pressemelding.
Kva meiner du skal vera det nynorske ordet for «Goblin mode»? Stem i pollen!
«Goblin mode» på nynorsk
«Goblin mode» på nynorsk
Eller har du betre forslag? Skriv inn i kommentarfeltet!