Russland set patriotisme på timeplanen

Elevar i Russland får høyre på skulen at «alle vil øydelegge landet».

I det siste har både skuleelevar og studentar i Russland hatt patriotiske fag på timeplanen.

Patriotisme vil seie å vise støtte eller kjærleik til landet sitt. Det er viktig for Russland å spreie patriotisme for at innbyggarane skal støtte krigen mot Ukraina.

Dei siste to månadane har skuleelevar starta veka med faget «Samtalar om viktige ting». Der har dei mellom anna blitt fortalde at innvasjonen av Ukraina er «historisk rettferdig» fordi det «opphaveleg var russisk».

«Blir angripe»

Til avisa Deutsche Welle fortel ein vidaregåandeelev frå Kaliningrad om kva ho lærte i patriotismetimen sin førre månad:

– Russland vert stadig angripen av nokon, og alle vil øydelegge landet.

President Vladimir Putin har også fortald elevar at målet med invasjonen er å «beskytte Russland».


Les også: Statsminister Jonas Gahr Støre meiner Vladimir Putin spreier falske nyhende

Foto: AP / Mikhail Metzel