Nesten alle i verda pustar inn forureina luft

Over sju millionar menneske mistar livet kvart år på grunn av luftforureining.

Over 6000 byar i verda måler no luftkvaliteten kvar dag. 99 prosent av befolkninga i desse byane pustar inn luft som overstig grensa for luftkvalitet som Verdas helseorganisasjon (WHO) har sett.

Det land med mange fattige som er mest utsett. Verst luft er det i Bangladesh, Tsjad, Pakistan, Tajikistan og India.

– Det er uakseptabelt at me enno har over sju millionar menneske som døyr kvart år og eit ukjent tal på tapte leveår med god helse, på grunn av dårleg luftkvalitet, seier Maria Neira, direktør for miljø, klimaendring og helse i Verdas helseorganisasjon.

Desse ti byane har verst luft i verda

  1. New Delhi, India
  2. Dhaka, Bangladesh
  3. N´Djamena, Tsjad
  4. Dushanbe, Tajikistan
  5. Muscat, Oman
  6. Kathmandu, Nepal
  7. Manama, Bahrain
  8. Bagdad, Irak
  9. Bishkek, Kirgisistan
  10. Tashkent, Usbekistan

 

FORUREINA: Den indiske hovudstaden New Delhi har verdas mest forureina luft. Foto: NTB, AP Photo/Altaf Qadri