Har du nokon gong tenkt over at det finst reglar for korleis ein pommes frites skal vere?
I Frankrike og Belgia, pommes frites si vogge, er det normalt eit krav om at dei populære potetstengene skal vere mellom 8 og 10 centimeter lange.
Dette kravet kan no bli endra, skriv NRK.
Tørkesommar
Årets sommar er den varmaste sommaren som er registrert i Europa, skriv Copernicus. Landbruksnasjonen Frankrike er inne i si fjerde hetebølgje for året.
Avlingane er difor dårlegare enn normalt. Det blir både færre poteter, og dei som kjem, er mindre enn vanleg.
Ikkje berre fører det til auka matprisar – pommes fritesar kan òg bli kortare og tynnare.
Vil truleg ikkje merke det i Noreg
Sjefen for Burger King i Noreg, Olav Bæverfjord, fortel til DinSide at dei nyttar norske poteter, og difor ikkje blir påverka i særleg grad.
– I Burger King har vi ikkje planar om å endre utsjånad eller storleik på våre pommes frites, seier han.