I vår forhandla mange fagforeiningar med arbeidsgjevarane sine om blant anna løn, utdanning og arbeidstid for jobben sin.
Det er lærarar som arbeider på ungdomsskulen eller vidaregåande skule som streikar. Difor blir ikkje elevar i barneskulen påverka.
Kva vil lærarane?
Fordi mange ting no blir dyrare, seier lærarane at dei får dårlegare råd.
Utdanningsforbundet seier også at det ikkje er nok lærarar med godkjent utdanning, og at lærarstudiet er mindre populært, fordi løna er dårleg.
Difor vil lærarane:
- ha like stor løn som andre med like lang utdanning som arbeider i kommunen.
- at skular blir betre på å tilsette lærarar med godkjent utdanning.
KS er ueinige i desse krava, og seier dei har strekt seg så langt dei kan med økonomien dei har, og at dei har gitt gode vilkår til lærarane.
Venta med streik
Skular over heile landet, utanom Oslo, er råka. Det er fordi Oslo har ei eiga ordning for forhandlingar.
Sjølv om lærarane vart ueinige i mai, venta dei med å ta ut veldig mange i streik før sommarferien, sidan skuleåret nesten var over.
Det endra seg ved skulestart. No er det til saman 3500 lærarar som streikar i heile landet. I dag vart det til saman teke ut 300 lærarar i streik. Nokre av dei er i Bærum kommune, der det ikkje har vore streikande lærarar til no.