Skular over heile landet ramma av streik

7390 lærarar og helsearbeidarar i heile Noreg er tatt ut i streik. Her får du læra meir om kva det vil seia å streika, og kva det har å seia for elevane som blir ramma.

Dei 7390 lærarane og helsearbeidarane som er tatt ut i streik, kjem ikkje til å møta opp på jobb. Det fører til at mange elevar ikkje kan vera på skulen.

Bergen kommune er ein av kommunane som er hardast ramma av streiken, skriv NRK. Der vil 14 skular bli heilt stengt og 11 skular bli delvis stengt.

– Om lag 9000 skuleelevar blir ramma av dette, og kan ikkje gå på skulen som normalt, seier Eva Hille som er kommunikasjonsdirektør i Bergen kommune.

Kva er ein streik?

Tanken bak å streika, er å tvinga fram ei løysing på eit problem.

I hovudsak kan vaksne streika om dei er misfornøgd med lønn, arbeidstider eller liknande.

Streik er altså eit pressmiddel då det at arbeidarane ikkje møter opp på jobb kan påverka kundar og brukarar, slik som mellom anna elevar. Ein streik vil også gi arbeidsgivaren store økonomiske tap.

Kvifor streikar lærarane og helsearbeidarane?

Unio, som er fagforeningen til lærarane og helsearbeidarane som er tatt ut i streik, har sagt at grunnen til streiken er lønn. Dei meiner at lønnstilbodet dei har fått, er altfor dårleg, skriv Framtida.

Kva skjer når det er streik?

Utdanningsforbundet skriv at når det er streik, stoppar arbeidsforholdet den vaksne har heilt eller delvis opp.

Det er ikkje lov å jobba eller å vera på arbeidsstaden, og arbeidstakaren får ikkje betalt lønn frå arbeidsgivaren sin i denne perioden. I staden får dei eit streikebidrag for perioden dei ikkje er på jobb.

Så lenge streiken går føre seg, er den som streikar pålagt å gjera enkelte oppgåver. Desse oppgåvene er for eksempel å stilla som streikevakt, vera med på arrangement eller å stå på stand. Som regel har dei som streikar på seg ein vest, eller andre gjenkjennelege klede som viser at dei strekar.

Når lærarane streikar, har dei ikkje lov å vera på skulen og undervisa. Derfor kan elevar som har lærarar som streikar, oppleva at dei ikkje får koma på skulen som vanleg.

Nærare 180 barne-, ungdoms- og vidaregåande skular blir ramma av denne streiken. I tillegg blir òg rundt 35 barnehagar omfatta av streiken. Nøyaktig kor mange elevar og barnehagebarn som blir omfatta, er ukjent.