Utskytinga skulle eigentleg skje måndag 29. august klokka 14.33, men er no utsett til fredag 2. september.
Raketten med namn SLS – Space Launch System – har som mål å testa ut korleis det vil gå senda menneske fram og tilbake til Månen. Det er den første av fleire turar ut i rommet for å ta menneske til Månen og seinare endå lenger ut i rommet.
– Alt me gjer på Artemis 1-turen gjer me for å sjå kva me kan gjera for redusera risikoen når me skal ha mannskap om bord på Artemis 2-ferda seinare, forklarte NASA-astronaut Randy Bresnik, ifølgje BBC.
Det er viktig for NASA å testa Orionkapselen i rommet og forsikra seg om at den er i stand til å gjennomføra ein trygg retur tilbake til Jorda og landa i havet utanfor kysten av Baja i California i midten av oktober.
Ferda vil danna grunnlaget for den første bemanna ferda med Artemis 2 i mai 2024.
Sjå direktevideo frå oppskytinga: