1: Husband
Husband er det engelske ordet for ektemann. Ordet stammar frå det gamalnorske húsbóndi. Húsbóndi er sett saman av orda hús (hus) og bóndi (bonde).
2: Cake
Cake er det engelske ordet for kake. Ordet stammar frå det gamalnorske kaka.
3: Window
Window er det engelske ordet for vindauga. Ordet stammar frå det gamalnorske vindauga, som er akkurat det samme på nynorsk den dag i dag.
4: Cast
Det engelske ordet cast er enno eit ord som er veldig likt notidas norsk. Det betyr å kasta, og stammar frå det gamalnorske ordet kasta.
5: Freckles
Du får kanskje freckles på nasen om sommaren? Freckles er det engelske ordet for fregner. Ordet stammar frå det gamalnorske freknur.
Kjelde: Babbel.com