Vikingane frå Noreg, Sverige og Danmark reiste land og strand i tidsrommet mellom 800–1050. På grunn av reisene der dei dreiv med plyndring og handel, sette dei eit sterkt preg på tilhøva i Europa i meir enn 200 år.
Kvar reiste dei?
Det er litt skilnad på kvar dei norske, svenske og danske vikingane reiste. Dei svenske vikingane reiste helst «austerveg», mot dagens Russland og segla langs elvane Volga og Dnepr. Dei danske og norske vikingane reiste «vesterveg», til dei britiske områda og langs kysten sørover til det europeiske kontinentet. I tillegg reiste dei norske vikingane også til Island, Grønland, Nord-Amerika, Vesterhavsøyane, Irland, Skottland og til Nord-England.
Årsaka til at dei norske vikingane reiste mot vest, var at Noreg var eit land med høge fjell som gjorde det vanskeleg og ferdast til lands. Derfor var havet hovudvegen for dei aller fleste.
Korleis reiste dei?
Mykje av årsaka til at vikingane greidde å reisa så langt, var fordi dei hadde store båtar som var laga for å tola mykje vêr. Når det var vindstille, rodde dei båten. Når det var vind, segla dei på bølgjene.
Visste du forresten at vikingane var glad i at tinga deira hadde fine fargar?
Derfor var gjerne segla på skipa deira laga av raud og kvit ull.
Kvifor reiste dei?
Det er fleire årsaker til at vikingane reiste ut frå heimlanda sine. Dette er nokre av dei:
- Dei ville ut for å skaffa seg varer og handla med andre område.
- Dei ville finna nye plassar der dei kunne busetja seg. Mange tok med seg heile familien og dyra sine, og busette seg i mellom anna Island eller Grønland.
- Dei var nysgjerrige, og ville rett og slett ut og sjå noko anna enn det dei var vant til.
- Det var strid i heimlandet til vikingane.
Fekk barn lov til å vera med på vikingferdene?
Ja, både jenter og gutar fekk lov å vera med ut i dei store vikingskipa. Det var viktig at barna fekk vera med, slik at dei fekk læra seg dei same oppgåvene som dei vaksne.
Barna fekk mellom anna oppgåver som å ausa skipet for vatn, dei lærte seg å segla og navigera.