Dei knuste, resirkulerte og bearbeidde flaskene, slik at dei vart til fiber. Det vart til slutt heile 4000 kilo plastavfall dei kunne bruke til å slå verdsrekorden “Verdas største t-skjorte” i Guinness Word Records.
Mange hjalp til
15 skreddarar saman med 60 frivillige sydde den superstore t-skjorta. Det tok 45 dagar. Delar av t-skjorta vart sydd rundt om i store varehus, og når alle delane var klare, vart dei sydd saman på cricketplassen på Goregaon Sports Club i Mumbai. 120 frivillige brukte tre dagar på å få den ferdig.
Fattige barn
Den gigantiske t-skjorta vart heile 96,86 meter lang og 69,77 meter brei! Etter rekorden vart bekrefta brukte skreddarane alt stoffet til å lage 10.000 vanlege t-skjorter til fattige barn i lokalområdet.