Å hjelpa barn som er ramma av krigen i Ukraina, er eit av prosjekta Redd Barna vil setja i gang.
Dei ønsker òg å hjelpa krigsrammede barn i Syria, Sør-Sudan, Kongo og Rohingya-barn som har flykta frå Myanmar, skriv NRK.
Nøgd med tildelinga
Kringkastingssjefen i NRK, Vibeke Fürst Haugen, er nøgd med at tildelinga gjekk til Redd Barna.
– Innsamlingsrådet har funne eit godt og veldig aktuelt formål for TV-aksjonen i 2023. Eg er heilt sikker på at folk her heime vil støtta opp om ein aksjon som gir fornya søkelys på den fortvila situasjonen til verdas altfor mange barn som er ramma av krig, seier ho.