Eldgamal bæsj viser kva menneska som bygde Stonehenge likte å eta

Lurer du på kva menneska som levde fleire tusen år før vår tidsrekning likte å eta? No har forskarane funne svar.

FAKTA:
  • Stonehenge er eit forhistorisk monument i Amesbury i England.
  • Den er sett saman som ein sirkel, og er laga av massive steinblokker.
  • Monumentet vart truleg reist ein stad mellom 2500 f.Kr. og 2000-talet f.Kr., som vil seia i bronsealderen.
  • Stonehenge blir rekna som eit av verdas mest kjende byggverk, og kom på UNESCO si verdsarvliste i 1986.
LES FAKTALUKK FAKTA

Stonehenge sluttar aldri å fascinera oss menneske. Sirklane som er sett saman av fleire massive steinar, er blitt diskutert opp og ned. Kvifor vart dei bygd? Og kva er faktisk meininga bak dei?

No har forskarane derimot funne fram til anna spennande informasjon om dei som bygde Stonehenge. Dei har nemleg funne ut kva dei likte å eta, skriv CNN.

Forskinga bak studien, vart nyleg publisert i tidsskriftet Parasitology.

Åt indre organ

Forskarane har leita seg fram til eldgamal bæsj frå ei forhistorisk by, som låg i nærleiken av Stonehenge. Bæsjen viser at forhistoriske menneske ikkje var like kresen som oss.

Totalt fem eksemplar ekskrement frå både menneske og hundar er blitt nøye undersøkt.

Dei inneheldt egg som stamma frå parasittar, som viser at både menneske og hundar åt ein del indre organ. Mellom anna kunne forskarane fastslå at ein av personane hadde ete rå eller underkokt lever.

Dei indre organa stamma frå både storfe og frå gris.

GIF: giphy.com

Ein stad for store festar

Totalt har forskarane greve opp massevis av restar etter keramikk og 38.000 beinrestar i området. Dette viser at den forhistoriske byen truleg har vore ein stad der dei har hatt store festar.

– Dette fortel oss noko nytt om menneska som kom hit under bygginga av Stonehenge. Dei tilberedte kjøt frå svin og storfe i leirgryter, og det viser seg at kjøtet ikkje alltid var heilt gjennomsteikt, seier studiemedforfatter Mike Parker Pearson.

Han er professor ved «University College Londons Institute of Archaeology» og leiar av forskingsprosjektet «The Stones of Stonehenge».