Stonehenge var ein gamal solkalender

Mysteriet rundt kvifor forhistoriske britar bygde Stonehenge ser ut til å ha vorte løyst. Ny forsking bekreftar at monumentet fungerte som ein eldgamal solkalender.

Professor Timothy Darvill, frå Bournemouth University, har komme fram til at steinsirkelen Stonehenge vart designa som ein kalender basert på eit solår på 365,25 dagar. Den skulle hjelpa folk med å halda styr på dagane, vekene og månadene, skriv Kids News.

Forskarar har i fleire tiår krangla om hensikta med Stonehenge. Det finst mange ulike teoriar – til dømes at steinsirkelen vart vart bygd for å halda offerseremoniar eller kanskje som ein tidleg kalender.

Frå bronsealderen

Stonehenge er eit forhistorisk monument i England. Det består av ei sirkelforma steinsetting, omgitt av ei ringgrav og ein rund jordvoll. Steinsettinga blei truleg reist mellom 2500 f.Kr. og 2000-talet f.Kr., det vil seia i bronsealderen, medan vollen og grava er frå rundt 3100 f.Kr., altså yngre steinalder.

Stonehenge blei sette på UNESCO si verdsarvliste i 1986.

GIF: Giphy.com

Professor Darvill har forska på andre eldgamle kalendersystem for å finna ut kva Stonehenge vart brukt til.

Spesiell kalender

– Kalenderen fungerer på ein veldig grei måte. Kvar av dei 30 steinane i sirkelen representerer ein dag i løpet av ein månad, Månadane er delt inn i tre veker kvar på 10 dagar, seier han til Kids News.

Ein slik kalender, med 10-dagers veker og ekstra månader, kan verka uvanleg i dag, men var vanleg i mange kulturar i denne perioden, ifølgje professoren.

– Ein slik solkalender vart utvikla i det austlege Middelhavet i århundra etter 3000 f.Kr. og vart adoptert i Egypt som kalender rundt 2700 f.Kr. Den vart mykje brukt i starten av det gamle riket rundt 2600 f.Kr., seier professor Darvill.

Forskinga, kalla Keeping time at Stonehenge, vart først publisert i tidsskriftet Antiquity.