– Syriske barn har lide altfor lenge. Behovet til barna, både i Syria og nabolanda, aukar, seier sjef for Unicef i Midtausten, Adele Khodr, til NTB.
Rundt 6,5 millionar av barna er i Syria, medan nesten 5,8 millionar lever som flyktningar i land som Libanon, Tyrkia og Jordan.
Noreg skal hjelpa
Noreg skal i år bidra med 1,5 milliardar kroner til dei som er ramma av krigen både i Syria og i nabolanda, skriv Utanriksdepartementet i ei pressemelding.
14,6 millionar syrarar har akutt behov for humanitær hjelp og vern.
Støtta frå Noreg skal gå til tiltak som kan forbetra situasjonen innan utdanning, mattrygging, helsefasilitetar og vassforsyning i dei mest sårbare områda i Syria.