Ho fekk seg eit lite sjokk då ho fann ut at ho fekk førstepremien i ungdomsskuleklassen til «Unge forskere». Dette er ein forskingskonkurranse for ungdom, som Forskingsrådet arrangerer kvart år.
– Det er kjekt å føla at eg fekk betalt for alt det harde arbeidet eg har lagt ned, seier ho.
Mektig imponert
Juryen var frå seg av begeistring over kva Sara hadde fått til. I grunngjevinga står det mellom anna at: «Eksperimentet var solid sett opp og elegant utført, og oppgåva er godt skriven og relevant for eit breitt publikum. Juryen er mektig imponert over kvaliteten.»
Sara går på British International School of Stavanger.
Ideen om kva ho skulle forska på, kom då ho syntest at det var vanskeleg å få tid til både fysisk aktivitet og skule. Ein av brørne hennar, som jobbar som psykolog, kom med eit godt tips.
– Han fortalde meg at fysisk aktivitet har noko å seia for kor mykje du hugsar av det du les eller høyrer, fortel Sara før ho legg til:
– Eg fekk liksom aldri tid til å både gjera skule og å vera fysisk aktiv. «Kan eg finna ein måte å effektivt kombinera dette, så er det to fluger i ein smekk», tenkte eg.
Minne og fysisk tilstand går hand i hand
Og forskinga hennar, den skulle visa seg å gå veldig bra. Ho måtte dobbeltsjekka at tala stemde.
– Eg vart veldig overraska over resultata. Det viste seg at det er ein klar samanheng mellom minne og fysisk tilstand, seier Sara.
Forskinga viste at du hugsar meir når du er i den same fysiske tilstanden, som du er i under ein situasjon der framkalling av minne er viktig. Eit døme er eksamen.
– Er du roleg under eksamen, bør du vera så roleg som mogleg når du les til den. Er du stressa, er det viktig å gjenskapa det ved å auka hjarterytmen eller kroppstemperaturen. Det kan du gjera ved å bruka eit teppe eller driva med fysisk aktivitet.
– Finn din ting og bruk det
Ifølgje Sara er dette på grunn av korleis minna våre blir forma. Ho fortel at den fysiske tilstanden til dei aller fleste, blir til ein del av sjølve minnet.
– Hjernen vil lettare kunna leita etter minna ein treng, for eksempel under ein eksamen, viss kroppen din er i den samma fysiske tilstanden som då du las, seier Sara og legg til:
– Greier du å analysera korleis kroppen din reagerer på ein eksamenssituasjon, vil det bli lettare å finna triksa som passar nettopp deg. Finn din ting og bruk det, seier Sara.
Sara sine beste tips til deg som vil forska:
- Forsk på noko du interesserer deg for.
- Det er veldig viktig å starta enkelt og smått. Det har eg lært på den harde måten, då eg starta med noko som var ganske innvikla.
- Bruk dei rundt dei. Spør dei som har erfaring, det har hjelpt meg veldig.
- Lag deg ein god struktur på arbeidet ditt. Start med det lettaste og forstå prosessane du skal undersøkja og analysera.