Fire barne- og ungdomsbøker er nominert

Bøkene er nominert til Trollkrittet - ein pris for debutantar.

Det er NBU, Norsk barne- og ungdomsbokforfattarar, som delar ut prisen.

No er det klart kven som er nominert av fjorårets debutantar. Altså beste debutant frå 2017.

  • Camilla Sandmo: «Kan vi bare late som» – Vigmostad & Bjørke
  • Linda Klakken: «Dumme, dumme hjarte» – Samlaget
  • Magnhild Winsnes: «Hysj» – Aschehoug
  • Espen Dekko (ill: Mari Kanstad Johnsen): «P+E» – Magikon forlag

Kven som stikk av med prisen får vi vite 14. april i år, 2018.

Ordforklaring…

Ein dubutant er ein person som gjer noko for fyrste gong. Det vil seie at desse forfattarane har gitt ut si fyrste barne- eller ungdomsbok. Dei har altså debutert og gjort seg fortent til nominasjon til Trollkrittet.

Trollkrittet er ein pris som NBU gir kvart år til ein ny debutant. Beste debutantbok 2016 gjekk til Gudrun Skretting, for boka Anton og andre uhell. Her kan du lese om den andre boka hennar, Anton og andre flokkdyr.