Alle som har vore forelska kjenner seg igjen

Linda Klakken har skrive ei bok om forelsking. Den vanskelege forelskinga.

Linda sine favorittar
  • Kjærast: Kristin som ho er gift saman med
  • Barn: Ella 6 ½ år og Iben 7 månadar
  • Favorittmat: Pinnekjøt
  • Favorittis: Vaniljeis
  • Favorittsnop: Rissjokolade
  • Favorittplass å skrive: Heime på kjøkkenet
  • Favoritt barnebokforfattar: Maria Parr
  • Favoritt barnebok om forelsking: Frida med hjertet i handa og Anne+Jørgen er sant
  • Favoritt dyr: Piggsvin

Tre funfact om Linda

  • Linda blir sur om ho ikkje får ete.
  • Ho har fobi mot fordomsfulle vaksne.
  • Linda likar ikkje hagenissar.
LES FAKTALUKK FAKTA

Hovudpersonen Klara er 12 år og bur i Ålesund. Ho er verken populær eller upopulær. Ho flyt liksom berre rundt. Ho går på skule, bur saman med storebror og far sin som er skilt. Ho dansar ballet, og er eigentleg heilt vanleg. Ein dag kjem ei ny jente i klassa. Klara får sommarfuglar i magen, og forstår etter kvart at ho er forelska, for aller fyrste gong.

–Kjærleik og forelsking er fantastisk og kjennast likt ut, uansett om du er ung eller gamal. Eller om du forelskar deg i same kjønn. Hjarta våre ser heilt like ut, seier Linda.

Dumme, dumme hjarte ein barneroman om 12 år gamle Klara og hennar forelsking. Bomomslag/Samlaget
Dumme, dumme hjarte ein barneroman om 12 år gamle Klara og hennar forelsking. Bomomslag/Samlaget

Ei vanvittig kjensle

Forfattaren hugsa godt si fyrste forelsking. Ho vart sjuk. Kvalm og følte seg forvirra. Hjernen vart utsliten, og ho følte seg både stor og sterk og veldig usikker.

– Eg trudde at dersom eg tenkte hardt på ho eg var forelska i, så ville ho tenke tilbake på meg. Eg likte å tru at det gjekk an, seier Linda.

Boka handlar ikkje om homofili

Klara fortel bestevenninna si at ho er forelska i Marie, som om det var det mest naturlege. Det er kanskje dette som gjer boka så fin. At det verkar normalt. Om Marie hadde vore ein gut, så hadde historia vore den same, for boka handlar ikkje om homofili. Boka handlar rett og slett om forelsking.

Linda hugser si eiga forelsking. –Det var som at tusen maur kraup rundt i blodet mitt. Foto: Kristin Aafløy Opdan/Samlaget
Linda hugser si eiga forelsking. –Det var som at tusen maur kraup rundt i blodet mitt. Foto: Kristin Aafløy Opdan/Samlaget

Linda hugsar kor rart det var då ho var yngre. Då trudde ho at homofil forelsking måtte vere vanskelig.

–Eg forventa at det nesten skulle vere umogleg, med eit hav av fordommar mot meg. Men som vaksen ser eg at det ikkje skal vere umogleg, og det treng ikkje vere vanskeleg.  Eg ønskjer å avdramatisere forelsking av same kjønn. Vi treng fleire heltar slik som Klara.

Mykje humor

Boka har fleire morosame episoder. Som då Klara prøvar å finne faren ein kjærast. Ho får kontakt med HotMama18, Kattekvinnen og Strikkemor. Men det toppar seg då «Lady Gaga» kjem på besøk og strippar for den vesle familien.

– Humor er meint til å gi trøyst og glede, men eg har kanskje brukt humor for å vise eit glimt av håp også.

Fyrst og fremst forelska

Linda Klakken sin roman er ei viktig og herlig kjærleikhistorie frå vår tid. Boka er velskriven, på sine 152 sider, som garantert får deg til å drage på smilet. Alle som har vore forelska kjenner seg igjen i Dumme, dumme hjarte. Om du er hetero eller homo. Klara er fyrst og fremst berre ei tolv år gamal forelska jente.

– Det skal vere uproblematisk at ei jente blir forelska i ei jente. Det er uskyldig, avsluttar Linda.