VINNAR AV BOKPRIS: – Musklar skal brukast til å løfte folk

Anton er 13 år og skal starte på ungdomsskulen. Han er redd og usikker, men har planen klar. Han skal berre skli inn i mengda. Vere ein av flokken som ingen legg merke til.

Gurdrun Skretting
  • Gudrun Skretting (f. 1971) er utdanna klassisk pianist ved Norges Musikkhøyskole.
  • Ho gjekk på forfatterutdanningen ved Norsk Barnebokinstitutt.
  • Skretting debuterte med romanen «Anton og andre uhell» i 2016. For den boka fekk ho Kulturdepartementet sin debutantpris og NBU-prisen Trollkrittet. Boka blei også nominert til ARKs barnebokpris og Bokslukerprisen.
  • «Anton og andre flokkdyr» er oppfølgjaren, og er ein av dei nominerte til ARKs barnebokpris.
  • Begge bøkene er gitt ut på Aschehoug.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ufrivillig populær

Fyrste skuledag skjer noko som skal forandre livet til Anton. I presentasjonsrunden kjem han heilt utan å meine det i skade for å drite ut læraren framfør den nye klassa. Anton blir ufrivillig populær. Han blir ein av dei tøffe gutane. Dei som har musklar. Sjølv er han ein kort, liten gut utan musklar eller sjølvtillit. Det er starten på ei morosam historie om eit ganske så alvorleg tema.

– Ein tenkjer ofte at jenter har eit stort press på seg, men det er sanneleg ikkje lett for gutar heller. Eg trur mange gutar i ungdomsskulealder er redd for å ikkje vere macho eller kule nok.

Gudrun hugsar si eiga tid på ungdomsskulen. Det var ikkje alltid like lett. Sjølv var ho sjenert, og syntest absolutt alt var flaut.

Ein del av A-laget

Anton blir ein av gutane i A-laget, saman med alfaparet Karl og Sindre. Dei som osar av styrke, og som svingar med armane, dreg fingrane gjennom håret, og som alle diggar. Anton er livredd for å bli avslørt som nerd, for eigentleg er Anton ein fyr som er redd for å gjere noko gale.

– Å vere seg sjølv kan vere vanskeleg. For kven veit kva ein står for som trettenåring? Det er ofte i samspel med andre ein finn ut av kven ein er, seier Gudrun.

Anton får oppleve korleis det er å vere godtatt som ein av gutane, noko Gudrun trur må vere ei herleg kjensle. Men samtidig må det vere både slitsamt og vanskeleg om ein ikkje står inne for det dei kule både gjer og seier. Anton rotar seg opp i mange komiske og pinlege situasjonar i forsøket på å passe inn.

Å vere undertrykka

Gudrun Skretting har skrive ei morosam bok om det å ikkje ha den heilt store sjølvtilliten. Anton og andre flokkdyr er andre boka om Anton.
Gudrun Skretting har skrive ei morosam bok om det å ikkje ha den heilt store sjølvtilliten. Anton og andre flokkdyr er andre boka om Anton.

Anton sine nye kompisar er av sorten som vil vere populære ved å trykke andre under seg. Noko Anton har problem med å akseptere. Anton har frå før ein god kompis frå barneskulen som dei kule kameratane ikkje er så greie mot. Dessutan har Anton ein hemmeleg kjærast, som absolutt ikkje likar mobbarar.

– Eg trur at dei som eigentleg er dei tøffaste, er dei som tenkjer på andre, og som bryr seg, seier forfattaren

– Litt som elefantane

Om du vil det eller ei, så vil du nok møte folk som gjer deg usikker. Dei har ofte ein hersketeknikk som får andre til å føle seg dumme. Anton og andre flokkdyr tek opp dette temaet. Om korleis ein blir hersa med, men også kor viktig det er å ta vare på kvarandre. Å verne om kvarandre i sin eigen flokk. Som Gudrun skriv i boka: Musklar skal brukast til å løfte folk, ikkje til å trykke dei ned.

– Ein skal ta vare på dei som er svakare. Litt som elefantane i dyreriket. Dei går ytst i flokken og passar på dei svake som går inst.