Også andre afrikanske land ser ei positiv utvikling i pandemien. Koronapandemien har ramma Sør-Afrika hardare enn andre land på kontinentet, noko som gjer nedgangen i talet dødsfall oppsiktsvekkjande.
Førre gang landa ikkje registrerte eit einaste koronadødsfall i løpet av to døgn, var 12. mai 2020.
Sør-Afrika har gjennom pandemien registrert til saman nesten 100.000 koronarelaterte dødsfall, og over 3,6 millionar smittetilfelle, skriv Bistandsaktuelt.
Det var NTB som fyrst omtala saka.