Bokmelding av «Monstertanta»: – Kjente meg att i masse av det som skjedde

Marta Borge (12) stakk av med sigeren i skrivekonkurransen til Framtida Junior, med denne bokmeldinga av «Monstertanta» til Ingelin Røssland.

0
Marta Borge sin bokmelding av «Monstertanta». Foto: Samlaget, Privat

Forfattar:

Ingelin Røssland blei født 19. februar 1976. Ho vaks opp på Tysnes, det ligg i Sunnhordaland. I 2009 flytta ho til Sverige og no bur ho på Lidingø rett utanfor Stockholm. Ho er utdanna som journalist.

Ingelin Røssland har skrive Handgranateple, Viss du vil, Engle fjes, Kirsebærsnø, Minus meg, Englejakt, flyt, Kunsten å inhalera, og Monstertanta.

Boka handlar om:

Foreldra til Julie reiser til Kreta for å prøva å lappa saman ekteskapet. Julie blir sendt til tanta si som bur på ein gard og tanta hatar ungar. Tanta er veldig streng med kva Julie et, fordi ho synest Julie er tjukk.

Ein dag bestemmer ho seg for å rømma heim att. Midt oppi denne forferdelege sommaren blir det også nokre lyspunkt. Julie får seg rett og slett ei venninne som veit om fine badeplassar.

Mi eiga oppleving:

Eg synets boka var veldig bra og eg kjente meg igjen i masse av det som skjedde, sidan eg bur på gard. Eg kunne ha vore i situasjonen som Julie er i, men eg skulle helst ikkje ønske det.

Eg trur eigentleg at Monstertanta ikkje er så veldig slem, men at ho hadde ein vanskeleg oppvekst.

Eg synes at boka var veldig lærerik og veldig realistisk. Eg vil nok anbefale boka for barn og unge over 11 år, men den er kjekk å lesa for vaksne også.

Meldt av Marta Borge, 12 år.