FAKTA: Mosambik
- Mosambik er ein stat søraust i Afrika som har grenser til Malawi, Sør-Afrika, Swaziland, Tanzania, Zambia og Zimbabwe og kystline til Mosambikkanalen i Indiahavet.
- Zambezielva renn gjennom nordlege område av landet.
- Sjølv om dei sørlege områda av landet strekkjer seg ut av tropane, har heile landet eit typisk tropisk klima.
- Tropiske syklonar går sjeldan inn over landet, men kan stundom gje store nedbørsmengder og flaum frå desember til april.
(Kjelde: Wikipedia)
LES FAKTALUKK FAKTA
Regjeringa i Mosambik har laga ein plan for å restaurera mangrove-skog langs kysten.
Mangrove er ein skogtype som veks på sand eller anna laust underlag i tidvassbeltet ved tropiske og subtropiske kystar. Skogen veks også der elvar munnar ut i havet.
Denne skogen i Mosambik er vorte hardt ramma av stigande havnivå og hogst til brensel og produksjon av trekull. No vil styresmaktene retta opp i skadane, skriv NRK.