Ein svensk rapport anslår at ein tredel av thailandsk ris vil vera borte ved slutten av århundre.
Forskarane ved Stockholm Environment Institute har undersøkt forholda ut frå vanlege vêr, temperaturar og nedbør og anslår at endringane kan bli endå større på grunn av ekstreme vêrforhold, som flaum eller tørka, skriv SVT.
Klimaendringar skaper risiko for matforsyninga over heile verda.
Sesongane har endra seg
På landsbygda utanføre Bangkok merkar bøndene endringane allereie.
– Det pleidde å regna på same tid kvart år, men sesongane har endra seg og det har òg regntida. Den varme perioden har òg endra seg, frå varmt til veldig varmt, seier risbonde Kanokporn Dittrakrachan.