Sjå direktesending frå den internasjonale romstasjonen

I dag kan du sjå to russiske kosmonautar på romvandring utanføre den internasjonale romstasjonen. 

Kosmonatutane arbeider med å få på plass ein ny dokkingmodul, slik at dei kan ta i mot romfartøy som kjem på besøk til den internasjonale romstasjonen.

Anton Shkaplerov og flyingeniør Pyotr Dubrov, begge frå den russiske romfartsorganisasjonen Roscosmos, jobbar med prosjektet.

Dei har ikkje opplyst nøyaktig kva tid romvandringa startar, men det er vanleg at dei byrjar omlag klokka 13.30 norsk tid. Romvandringa vil vara i seks eller sju timar.

HER KAN DU SJÅ SENDINGA: