Det to vekers lange møtet i Glasgow er over. Laurdag sist veke greidde landa å bli einige om å gjera seg ferdig – eit døgn på overtid.
Lurer du på kva verdsleiarane kom fram til? Her er noko av det viktigaste om kom ut av klimatoppmøtet i Glasgow:
1,5 grader-målet
Målet er at den globale oppvarminga skal stoppa på 1,5 grader. Likevel er ikkje nasjonane blitt enige om korleis me kan nå dette målet.
Då dei avslutta møtet laurdag, sa møteleiar Alok Sharma at det berre er mogleg å nå dette målet, dersom alle landa held det dei har lova og gjer lovnader til rask handling, skriv Energi og Klima.
Vil fasa ned bruken av kol
Dette er punktet det har vore mest snakk om under årets klimatoppmøte. Alle verdas land har akseptert at kol ikkje høyrer heima i energiproduksjonen vår i framtida.
Kolkraften skal altså «fasast ned» – og dette er den første gongen det står noko om kol i slutterklæringa til eit klimatoppmøte.
Vil gjera noko med avskoging
Meir enn 100 land, vil at me skal slutta med avskoging innan 2030. Noreg er eit av desse landa. Aftenposten skriv 19 millionar dollar av offentlege og private pengar skal brukast for å nå målet.
Til rikare – til meir støtte
Dei rike landa har no lova å vurdera å dobla pengestøtta til verdas fattigaste land innan 2025. Det har vore utfordringar om å oppfylla denne støtta, og målet blir kanskje først oppnådd neste år. Aftenposten skriv at mange av dei fattige landa meiner at dette er eit grovt tillitsbrot.
Vil ha meir kontoll
Landa har komme fram til at dei skal følgja nye reglar, som seier noko om at dei må rapportera om sine egne utslepp. Dette skal gjera det mogleg å samanlikna klimamåla.