Førre helg vart den sør-egyptiske provinsen Aswan ramma av eit sjeldan dårleg vêr. Guvenør Ashraf Attia har uttalt til lokale medium at tre personar omkom grunna mykje regn, hagl og torevêr i området, skriv The Guardian.
Men som om ikkje det var nok – vêret har også ført til at skorpionane i området har blitt tvinga ut av gøymeplassane sine og inn i husa til dei som bur i området. Det er meldt om at meir enn 500 menneske er blitt biten av dei skumle edderkoppdyra.
- Les også: Har funne spor etter meterlang skorpion
Blir kalla «menneskemordaren»
Fungerande helseminister i landet, Khalid Abdel-Ghafar, har sagt at det ikkje er rapportert dødsfall som følgje av stikka. Likevel vart fleire legar tilbakekalla frå permisjonar og fleire sjukehus vart sette i høg beredskap, slik at dei var klar for å ta imot dei uheldige.
Dei som vart stukne av skorpionane har rapportert om at symptoma deira var sterke smeter, feber, sveitte, oppkast, diaré og muskelskjelvingar.
Aswan-fjella er heimstad til den arabiske svarte skorpionen, eller Androctonus crassicauda som den heiter på gresk. Dette namnet kan omsetjast til «menneskemordar», skriv Al Jazeera. Dei blir rekna som blant dei dei farlegaste skorpionane i verda, og har ei svært giftig gift.