Slik ser du om ein hest har vondt eller er stressa

Det er ofte vanskeleg å sjå om ein hest har det vondt eller er stressa.

Svenske forskarar har freista å tyda andletsuttrykka på hestar for å sjå om dei klarer å skilja når hesten har det vondt, frå når han er stressa. Det viste seg å vera vanskeleg å finna ut av.

– Det å klara å seia noko sikkert om dyr har det vondt eller ikkje, er ganske vanskeleg, seier Henning Andreas Haga, professor på Veterinærhøgskolen til Ung.Forskning.no.

Filma hestane

Både stress og smerter kan påverka andletsuttrykka til hesten. Forskarane filma andletsuttrykka til hestane medan dei stod i transportvogn på veg frå ein stad til eit anna. Det er ein stressande situasjon for mange hestar.

Hestane hadde mange forskjellige andletsuttrykk i løpet av transporten. Til dømes utvida nasebora seg – dei lukka auga, dei fekk meir kvitt i auga, rynker i panna, dei gjorde fleire rørsler med munnen, og dei blunka og rørte øyra.

Hestane gjorde òg noko av dette når dei hadde det vondt. Nettopp derfor er det vanskeleg å vita når hestane føler smerte eller når dei berre er stressa.

Dette kan skyldast at hestar ofte òg viser teikn på stress når dei har det vondt, ifølgje forskarane.