Mummispel får rekordstøtte

Norsk filinstitutt (NFI) har løyvd 10.65 millionar til fem nye norske spel.

Eitt av desse spela er «Snusmumrikken», som er det nye spelet til det norske studioet Hyper Games. Snusmumrikken er ein av dei kjende karakterane frå Mummidalen.

Dette spelet får heile fem millionar kroner i støtte frå Norsk filminstitutt, skriv dei i ei pressemelding.

Det held til ny rekord, då dette er det største tilskotet NFI nokon gong har gitt til eit spel.

Inspirert av Zelda

Spelet, som ikkje er ferdig utvikla enda, skal ifølgje utviklarane bli til eit stemningsfylt eventyrspel som er lagt til Mummidalen.

Spelet er inspirert av mellom anna The Legend of Zelda, og handlinga går ut på at Snismumrikken må verna Mummidalen mot den strenge Parkvakten og hans skumle planar.