Studie: Valdelege spel fører ikkje til vald mot andre

Ein studie viser at valdelege videospel ikkje fører til valdeleg oppførsel mot andre.

Denne saka vart først publisert hjå Framtida. Der han du også lesa om at Klimaendringane truar ein stadig større del av plantar og dyr. 

Både media og foreldre har lenge vore uroa for om vald i spel kan føre til meir vald mellom barn og ungdom i røynda. Ein ny studie viser at dette ikkje er tilfelle.

Agne Suziedelyte, seniorlektor ved City University of London, har studert effektane valdsspel har. Både på aggresjon mot andre og om ein øydelegg ting.

Studien fokuserte på gutar mellom 8 og 18 år, gruppa det er mest truleg at speler valdsspel.

Det var Forsking.no som omtalte denne saka først.

Ikkje valdelege, men øydelegg ting

Foreldra til gutane har rapportert korleis dei oppførte seg, og gutane har også sjølv fortald forskaren om eigen oppførsel og korleis dei føler seg.

Gif: giphy.com

Suziedelyte fann ikkje noko bevis på at unge vart meir valdelege mot andre etter at eit nytt, populært og valdeleg spel kom ut på marknaden. Men foreldrene rapporterte at barna hadde ein større tendens til å øydelegga ting etter at dei hadde spelt valdelege spel. 

– Resultata peikar på at videospel kan opprøra barn, men at dette ikkje fører til vald mot andre folk, som er den type vald me bryr oss mest om, seier forskaren i ei pressemelding.

Ho meiner at ei forklaring til resultata er at gaming vanlegvis skjer i heimen, der moglegheitene til vald mot andre er mindre.

– Dette er særleg viktig for gutar med valdstendensar, som kan vera spesielt tiltrekte av valdelege spel.

Forskaren meiner derfor at politiske grep og aldersgrenser på sal av spel til mindreårige, truleg ikkje vil redusera valden.

Dataspel gjer at folk er meir heime

Tidlegare har forsking peikt på at familie, psykisk helse, kjønn, gener og personlegdomstrekk er faktorar som påverkar aggresjon og vald. Også i 2019 kom ein studie frå Singapore som viste at gaming ikkje førte til vald.

I mange delar av verda har også valdskriminaliteten gått ned, samstundes som gaming har blitt meir populært og valdsinnhaldet meir realistisk, seier sosialantropolog Stian Overå og pedagog Niri Talberg i ein e-post til Forskning.no.

Gif: giphy.com

Dei jobbar ved KORUS Øst, som har eit nasjonalt ansvar for penge- og dataspeltematikk.

Det beviser ikkje i seg sjølv at dataspel fører til mindre kriminalitet, men enkelte forskarar, også denne artikkelforfattaren, trekker fram at dataspel fører til at mange unge er meir heima enn før og at dei på den måten kan distansera seg frå miljø og aktivitetar som er forbunde med problemåtferd og vald.

Overå og Talberg kritiserer studien for å vera unøyaktig i omgrepsbruken, men fortel at dersom ein er einig i premissane, så bør ein konkludere med at det er god forsking.

Skjermdump frå Youtube/Psyjinx