4 bokfavorittar

Bibliotekarane på skulebiblioteket til Sagvåg skule gir boktips.

Filip Lups (10)

– Eg likar humor og teikneseriar.

– Kaptein Supertruse er veldig bra og løyen. Både personane og alt dei gjer er morosamt.

 

 

 

Leah Nerhus Bjelland (10)

– Eg likar skrekk og humor. Charlie Drømmevandrer er veldig bra.

– Den er spennande og eg likar det som skjer i boka.

 

 

 

Malene Hansen (10)

– Eg likar skrekkbøker og teikneseriar. Håndbok for superheltar likar eg veldig godt. Det handlar om ei jente som blir mobba, men som blir venn med mobbarane.

– Det er spennande og kjekt. Eg har lese heile serien.

 

 

Lisa Risnes (10)

– Eg likar skrekk og spenning, og elskar Svingens Mørke verden-bøkene. Det er skrekk og gøy spenning.

– Det einaste som er dumt er at det ikkje er fleire bøker igjen. Eg har lese alle.