Fakta: Aleksander Kirkwood Brown
- Aleksander Kirkwood Brown er aktuell med boka «Edward Rubikons mysterier: Draugens vrede» på forlaget Cappelen Damm.
- Totalt har han skrive seks Edward Rubikon-bøker, laga fleire teikneseriebøker, som til dømes «Magnus Carlsen og sjakkmorderen».
- Nyleg var han også manusforfattar for filmen «Clue: Maltesergåten».
Aleksander har alltid likt skumle historiar.
– Eg likar følelsen av å bli litt skremt. Dessutan likar eg å leita etter svar på noko eg ikkje forstår, fortel han.
Forfattaren synest det er spennande å tenkja på at det kanskje finst spøkelse eller monster.
– Eg har likt å skriva spøkelseshistoriar og laga skumle teikneseriar sidan eg var 7-8 år, fortel han.
Artikkelen held fram under illustrasjonen.
Han likar kjensla av at det kriblar i magen.
– Når ein les ei skummel historie er det som å ta ein berg- og dalbane. Det gir spenning kroppen – men på ein trygg måte, ler han.
Inspirert av frykta for tang
Aleksander leitar etter inspirasjon i bøker han les, eller i noko folk snakkar om. Men oftast tek han utgangspunkt i noko han sjølv har opplevd.
Artikkelen held fram under illustrasjonen.
– Eg prøver å bruka eigne erfaringar. I boka «Edward Rubikons mysterier: Draugens vrede» henta eg inspirasjon i noko eg sjølv er redd for. Eg har aldri likt å bada der det er tang. Det å trakka ned i sjøen utan å vita kva som er under tangen, synest eg er skummelt. Så, i boka utforskar eg tangfrykta mi, fortel Aleksander.
Delta i den skumle skrivekonkurransen vår på framtidajunior.no HER!