Jørn har skrive bok om Tyrannosaurus rex: – Dinosaurane er edelsteinane blant fossilane

Det finst massevis av feiloppfatningar om den mest fryktinngytande dinosauren. Jørn Harald Hurum ville visa korleis T. rex faktisk levde – frå egg til dei vart foreldre. Resultatet er boka «Slik levde T. rex».

Nytt blikk: Korleis levde eigentleg monsteret frå krittida? «Slik levde T. rex» ser på Tyrannosaurus rex med eit heilt nytt blikk.

– Det var eit hårete mål, men eg bestemte meg for å bli paleontolog då eg var 6 år, seier Jørn Harald Hurum.

Ein paleontolog jobbar med forhistorisk liv, planter og dyr, inkludert fossilar. Interessa hans starta då han vart lese for som born. Ei spesiell bok fekk alle brikkane til å falle på plass.

– I boka «Ola og eventyret om dyra» var det ein stein som sa: «Ikkje kast meg, eg er eit fossil». Då sa det berre klikk i hovudet mitt og eg visste kva eg ville bli.

Ei ny side ved kongen av dinosaurane

Det vart som han planlagde, men i tillegg å jobba som paleontolog skriv han også bøker.

Passe skremmande: Jørn Harald Hurum fortel at han møter mange born som er interessert i dinosaurar. – Dei er passe skremmande, for dei lever ikkje lenger. Her er det 150 år med forskning som ligger bak. Born likar kunnskap, seier han.

I siste bok i rekkja, «Slik levde T. rex», blir me kjent med ei ny side ved den – nemleg at den var ein fjærkledd skapning som var redd for å bli eten.

For å formidla det, har Hurum fått god hjelp av naturillustratør Esther van Hulsen.

– Ein av dei største T. rex-skjeletta vart selt på eit auksjonshus i fjor haust, så då passa det endeleg å laga ei historie om den.

Hurum seier at det finnast massevis av feiloppfattingar om Tyrannusaurus rex. Det er kanskje ikkje så rart.

Les også: Kor mange Tyrannosaurus rex levde eigentleg på jorda?

Den største kjendisen

– Slik blir det når den er den største kjendisen av alle fossilar! T. rex var rett og slett ein skikkelig kul dinosaur.

Han trur populariteten til akkurat denne dinosauren handlar om flaks.

– T. rex fekk namnet sitt i 1905, og vart funnen nokre år før det. Den kom frå USA og vart dyrka i Hollywood. Det finnast like store rovdinosaurar andre plassar, men dei har ikkje like kule namn og har ikkje vore med i filmar, seier han og leggjer til:

– Hollywood og dinosaurane går hand i hand. Eg likar å seie at T. rex er fossilanes Marilyn Monroe.

Tenåring: I tenåra vart T. rex fort veldig stor. Skallen vart kraftigare og tennene vart større. Som 18-åring vog han om lag 3000 kilo.