- Planlegg innkjøp og middagar. Det vil òg spara deg pengar.
- Kvitt deg med datoskrekken. Bruk sansane: Sjå, lukt og smak før du avgjer om det er noko som må kastast. Best før er ofte også god etter. Viss det står siste forbruksdag, så bør ein ikkje eta det etter det.
- Innfør ein faste restedag der du et opp restane.
- Pass på temperaturen i kjøleskapet. 2-4 grader er det beste. Lag òg ei eiga hylle i kjøpeskapet til mat som snart går ut på dato.
- Lag deilig lunsj av restane dine.
- Kjøp nedprisa mat med kort tid før utløp.
- Redd dei single bananane! Ofte blir enkeltbananar liggande igjen i butikken. Me kastar 140.000 bananar kvar einaste dag i Noreg. Og ofte kastar me brune bananar. Lag heller bananbrød og bananboller av søte, brune bananar!
Kjelde: Spisoppmaten