Andelen kvinnelege jegrar aukar litt for kvart år som går. Dei siste 20 åra har prosentandelen auka frå 8 til litt over 15 prosent, skriv SSB.
Det er framleis mest menn som driv med jakt i Noreg. Faktisk er det slik at av alle norske menn over 15 år, er kvar femte oppført i Jegerregisteret.
Mange er registrert – ikkje alle jaktar
Det er likevel ikkje alle som er registrert som jeger som faktisk går på jakt. I jaktåret 2020/2021 var det 193.000 av 442.000 registrerte jegrar som betalte jegeravgift, og dermed får lov å gå på jakt.