12–15-åringar får tilbod om koronavaksine

Regjeringa har bestemt at 12–15-åringar skal få tilbod om koronavaksine. I første omgang vil dei få tilbod om éin vaksinedose.

– Dei faglege råda er at 12–15-åringane vil få fleire fordelar enn ulemper ved å ta vaksinen. No er det mykje smitte blant barn og unge, og vaksinen vil føra til at også denne gruppa får ein meir normal kvardag, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.

No er koronavaksinen godkjent frå 12 år og oppover. Mange land, som mellom anna Danmark, Finland, Island, USA og Canada, tilbyr allereie vaksine til denne aldersgruppa.

Tilbud om ei vaksinedose

– Det er god tilgang på vaksiner, slik at nokre kommunar kan starta med vaksineringa av 12–15-åringane raskt, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

FHI påpeiker at ungdom i denne aldersgruppa generelt har svært god effekt av vaksinen. Vernet dei får etter berre ein dose, vil truleg vara lenger enn for dei vaksne. Derfor er det bestemt at denne aldersgruppa i første omgang vil få tilbud om ein vaksinedose, noko som er i tråd med anbefalingar frå Helsedirektoratet.

Foreldra bestemmer

Det er foreldra som tar den endelege avgjerda om barnet deira skal vaksinerast.  Likevel har alle barn rett til å bli høyrt når det gjeld deira eiga helse.

– FHI vil laga tilrettelagt informasjon til 12–15-åringane, slik dei har rett på etter FNs barnekonvensjon, seier Høie.

Vil du ta koronavaksinen?

Vil du ta koronavaksinen?

Ja36
Nei16
Eg er usikker14
Svar totalt: 66