Det gjeld dermed både norsk-afghanarar med norsk statsborgarskap og afghanske borgarar med norske reisedokument. Det kjem fram i ei utsegn frå amerikanske styresmakter og vel 100 andre land.
Utanriksdepartementet stadfestar at Noreg er eitt av landa.
– Me har fått forsikringar frå Taliban om at alle utlendingar og alle afghanske borgarar med reisedokument frå landa våre, vil få lov til reisa ut av landet, heiter det i utsegna.