Jenter i Afghanistan får ikkje gå på skulen

Ein ny FN-kampanje set søkelys på skuleforbodet som afghanske ungdomsjenter lever med.

15. august blei kampanjen #AfghanGirlsVoices lansert i sosiale medium. Den dagen var det akkurat to år sidan Taliban tok over makta i Afghanistan.

Taliban meiner at jenter ikkje skal gå på skulen etter at dei har fylt 12 år. Afghanistan er derfor no det einaste landet i verda der jenter ikkje får gå på ungdomsskulen, vidaregåande eller universitetet.

«Eg vil ha skulen og klassane tilbake, eg vil ha bøkene mine tilbake, eg vil ha klassekameratane mine tilbake, eg vil ha fridommen min tilbake, eg vil ha livet mitt tilbake.»

Bilde med sitat frå afghanske jenter

– Det eg liker best med denne kampanjen, er at ein høyrer frå jenter og unge kvinner sjølv, og ikkje gjennom vaksne som snakker på deira vegner, seier kommunikasjonsrådgivar Iselin Løvslett Danbolt i FN-sambandet.

VIKTIG Å SNAKKE OM: Iselin Løvslett Danbolt i FN-sambandet foreslår at situasjonen til jenter i Afghanistan blir snakka om på skulen. Foto: Thuy Nguyen

FN jobbar for at skuleforbodet skal bli oppheva, og denne kampanjen er ein av måtane dei gjer det på.

– Alle bilda som blir brukte i kampanjen er laga av ein ung kvinneleg kunstnar frå landet. På kvart bilde står eit sitat frå ei ungdomsjente. Sitata handlar om kvifor utdanning er så viktig for dei, og kva deira draumar og ambisjonar er, seier Iselin.

Verst i verda

Situasjonen er veldig vanskelig for mange i Afghanistan i dag, og spesielt for jenter og kvinner over 12 år.

– FN-ekspertar meiner at situasjonen til jenter og kvinner der er den verste i heile verda, seier Iselin.

I januar i år dro ei gruppe frå FN til hovudstaden Kabul for å snakke med Taliban og prøve å få dei til å endre meining.

–  Sjølv om dette ikkje umiddelbart førte til endring, er mange einige i at å snakke med Taliban er det einaste som vil hjelpe, seier Iselin.

FN-kampanjen varer fram til 18. september. Det er datoen Taliban innførte skuleforbod for jenter over 12 år.

«Dei stengde dørene til skulane, men dei kan ikkje stenge døra til tankane mine.»