– FNs klimarapport var ikkje overraskande

Klimapanelet til FN la nyleg fram ein rapport som varslar meir ekstremvêr viss ikkje verda klarar å kutta store klimautslepp raskt. – Eg er meir overraska over at folk vart overraska, seier Penelope Lea (17).

Med ein temperaturauke på 1,5 °C vil det bli meir hetebølgjer, lengre somrar og kortare vintrar. Ved to grader oppvarming vil det føra til ekstremvarme som oftare kan overstiga det både helsa vår og landbruket vil tola. I tillegg til varme, viser rapporten at klimaendringane vil påverka nedbør, tørke, vind, snø, is, kystområde og hav endå meir framover.

UTOLMODIG: I år synest Penelope Lea det er ekstra frustrerande å ikkje kunne stemma ved stortingsvalet. Foto: Lars-Ingar Bragvin Andresen

– Det er nærliggande å bli redd, og eg veit at mange både barn, unge og vaksne blir det. Men no må vi bruka redselen til å skapa endring. Vi kan framleis klara å snu dette. Vi må ikkje mista motet.

Penelope etterlyser vaksne som vågar å visa at dei er redde for det krisa kan gjera med planeten vår.

– Det er viktig at vaksne også viser at dei blir redde – at dei vågar å visa kjensler. Det er sjeldan eg opplever det. Ein gong opplevde eg at FNs klimasjef, Christiana Figueres, gret på eit arrangement. Det at ho viste ekte kjensler gjorde at eg følte meg tryggare, sett og møtt på ein annan måte. Det skumlaste eg veit er politikarar som ikkje reagerer med sinne og redsel i krisa vi står i. Då blir eg mykje reddare, seier Penelope.