Ein flokk med elefantar, som etter kvart er blitt berømte over heile verda, har i lang tid vore på vandring gjenom det sørvestlege Kina. Dei 16 elefantane har trakka seg gjennom fleire landsbyar og skapt hovudbry for både forskarar og innbyggjarar langs ruta der dei har ferdast.
Men no ser det ut som dei har snudd og er på veg tilbake der dei kom frå, skriv Kidsnews.
Elefantane har vore på vandring i over 18 månader, og totalt har dyra vandra meir enn 500 kilometer. Det er faktisk meir enn avstanden mellom Oslo og Bergen!
Les meir: Elefantar på rømmen legg bak seg 500 kilometer med øydelegging
Veit ikkje grunnen til vandringa
Forrige helg fekk elefantane hjelp til å finna fram til ein sti. Stien skal visa dei vegen tilbake til naturreservatet mellom Myanmar og Laos, der dei eigentleg bur.
Ekspertar veit enno ikkje kva som gjorde at elefantane tok til på den lange reisa, men turen har vore nøye overvaka. Bakgrunnen for overvakinga var for å varsla folk slik at dei kunne unngå å møta på flokken og gjera det mogleg å verna avlingar og eigedom.
Dagbladet skriv at flokken sidan midten av april har øydelagt om lag ein halv kvadratkilometer med avlingar. Skadane er rekna å vera verdt rundt 8,8 millionar kroner.