Fakta om Isbjørnar
I dag finnast det rundt 26.000 isbjørnar i verda, fordelt på 19 ulike delbestandar. Barentshavbestanden er mellom 1900 og 3600 isbjørn, ifølgje tal frå Norsk polarinstitutt.
På Svalbard er det cirka 300 «fastbuande» isbjørnar.
LES FAKTALUKK FAKTA
Det skriv NRK i ei sak.
– Eg er redd den kjem til å vera borte frå Svalbard om 50 år, seier Dag Vongraven.
I elleve år har har styrt ei internasjonal gruppe med spesialistar på isbjørn, International Union for Conservation of Nature (IUCN).
Årsaka til at han trur den kjem til å forsvinna, er at polhavet og havisen smeltar raskare enn før. Oppvarminga skjer dobbelt så raskt som den gjorde for 25 år sidan.