Farallon er ein blekksprut som bur på The Florida Aquarium i USA.
Blekksprutar er kjende for å vera veldig smarte dyr. Derfor er det viktig at dei får brukt hjernen sin på forskjellige måtar.
Biologane ved akvariet gir derfor blekkspruten mange oppgåver for å stimulera hjernen hennar. Ein av tinga ho gjer er å måla, skriv BBC.
Treng ikkje bekymra seg for kva fargar ho skal velja
– Farallon var veldig engasjert første gongen me tok fram staffeliet. Ho brukte armane og sugekoppane til å skyva målinga rundt, seier Halley Miller, som er biolog ved akvariet.
Som du kan sjå i videoen under, hjelper biologane Farallon å koma fram til lerretet ved å trekka forsiktig i ein av tentaklane hennar. Lerretet kjem allereie med måling, slik at ho ikkje treng å bekymra seg for kva fargar ho skal velja. Ho treng berre å spreia det rundt!
Farallon brukar sugekoppane til å halda seg på lerretet og mala eit bilde. Etter at ho har fullført oppgåva, sym ho tilbake i vatnet for ein velfortent kvil.
Se dette innlegget på Instagram