Pablo Picasso
- Frå Spania
- Levde frå 1881–1973
- Ein av 1900-talets største og viktigaste kunstnarar
- Picasso er rekna som grunnleggaren for kunstretninga kubisme – kunst som er prega av geometriske figurar som sirklar, firkantar, trekantar og kubar

Pablo Picasso i 1908. Foto: Photo (C) RMN-Grand Palais / Wikimedia Commons Kjelde: Store norske leksikon
Det var den franske veldedige organisasjonen «1 Picasso for 100 euro» som stod bak utloddinga. Årleg sel dei lodd, der kjøparane av lodda blir med i trekninga av eit Picasso-måleri.
I år var det eit portrett av Dora Maar, kjærasten til Pablo Picasso, som blei lodda ut. Måleriet med namnet «Hovudet til ei Kvinne» er frå 1941 og måla i typisk Picasso-stil – og det er verdt over 1 million euro.
Det var 58 år gamle Ari Hodora frå Paris i Frankrike som vann måleriet. Han hadde kjøpt to lodd til 100 euro kvar og eitt av desse blei trekt som vinnarloddet.
I år tente den veldedige organisasjonen 12 millionar euro – over 120 millionar kroner – på loddsalet. Ein million euro går til å betale Picasso-måleriet, medan resten av pengane går til forsking på Alzheimer.
Alzheimer er ein dødeleg hjernesjukdom som ofte fører til dårleg hukommelse. Det finst ikkje behandling for sjukdommen.





















