– Førebels går det veldig bra, seier Erna Solberg til Aftenposten.
Det er planlagt at kvart trinn i gjenopninga skal vara i tre veker, dersom alt går etter planen.
Det betyr at me no ligg an til å starta på neste trinn, som er trinn tre, 17. eller 18. juni.
Trinn tre i gjenopninga
Regjeringa skriv at trafikklysmodellen framleis vil bli nytta på skular og i barnehagar i trinn tre.
Det blir lov å ha besøk av opp mot 20 gjester i private heimar, og inntil 1000 personar får lov å samlast på eit innandørs arrangement.
Når det gjelder å reisa på ferie til andre land, står det oppført at det globale reiserådet vert avvikla dersom det er forsvarleg å reisa med tanke på smitten. Dersom det blir avvikla, vil det bli erstatta med reiseråd til spesielt ramma område.