Fleire festivalar blir avlyst

Det går mot nok ein sommar der det ikkje er mogleg å gjennomføra festivalar som normalt i Noreg.

Mellom anna har Palmesus, Øyafestivalen, Makakoff og Bergenfest no gått ut og informert om at det ikkje blir festival i år, skriv NRK.

Kulturminister Abid Raja er lei seg for at dette skjer.

– Det smertar meg utruleg at både Palmesus, Øyafestivalen og andre har varsla at dei vil avlysa. Det er konsekvensen av pandemien. Den skapar ikkje moro, men øydelegg for alle, seier han.

Kohort-festival

Gjenopningsplanen for sommaren går ut på at viss alt går etter planen kan festivalane ha 2000 og etter kvart 5000 deltakarar, men då delt inn i kohortar.

Regjeringa skriv at 200 publikumararar no er talet å forhalda seg til, dersom arrangementet går føre seg utandørs.

600 personar kan samlast i arrangementet (fordelt på tre kohortar på 200 personar), om dei sit på faste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.