Nødt eller Sannhet er eit trekantdrama på NRK Super om bestevenninnene Sanne og Tara som er forelska i samme gut, Daniel. Sanne slit med tvangstankar – men det er det berre Tara som veit om.
Sanne er livredd for å bli ustøtt som den «rare» på grunn av tvangstankane, og er villig til å gjera alt for å behalda den beste venninna ho har. Men då Sanne ein dag sviktar Tara, bryt Tara venskapen og Sanne blir ståande att åleine. Ho føler på skuld og skam, og tvangstankane eskalerer.
Vanskelege tvangstankar
– Eg har aldri vore skodespelar før, så eg var veldig nervøs. Men, etter den første veka gjekk det fint, fortel Tilde.
- LES MEIR: Maya (13) elskar å spela rolla som modige Tara i Nødt eller Sannhet
- LES MEIR: Viljar (14) spelar hovudrolla som populære Daniel i Nødt eller Sannhet
Etter den sjuande auditionen, var det klart at ho skulle få spele den usikre jenta som er redd for at nokon skal avsløra at ho har tvangstankar.
Tvangstankar er uønskte, påtrengande tankar, kjensler eller idéar. Dei opplevast vanlegvis som vonde, motbydelige, skremmande og/eller truande. Tankane berre dukkar opp i medvitet, og det er vanskeleg å bli kvitt dei utan å få hjelp.
Karakteren Sanne strevar med nettopp dette. Tankane seier at ho må dunke med fingrane på ting tre gongar. Ho tenkjer at det kjem til å skje noko gale dersom ho ikkje gjer det på rett måte.
Folk er nysgjerrige
Tilde opplever at det er enkelte TV-sjåarar som trur at ho slit med tvangstankar på ekte.
– Det er mange som spør meg om eg har det slik på ekte. Men eg har ingen erfaring med det, seier ho.
Av og til hender det også at folk synes litt synd på Tilde, fordi dei trur ho har det slik som Sanne.
– Det er litt rart når det skjer. At folk synest synd på meg, fordi dei synest synd på Sanne, ler Tilde som fortel at ho er ganske annleis enn karakteren ho spelar.
– Vi liknar ikkje så veldig. Eg er for eksempel mindre sjenert og stille.
Det at folk trur at ho er Sanne tydar jo berre på ein ting: At Tilde er ein god skodespelar!
– På settet har vi jobba med å finne situasjonar, tankar og følelsar eg kan kjenna att. Slik at eg kan forstå korleis Sanne har det inni seg.
Tilde synest det er vondt å tenkja på at mange har det slik som Sanne.
– Ingen skal måtte ha det slik, og det er vondt at nokon skammar seg over tvangstankar. Eg håpar serien gjer at barn og unge opnar seg opp om korleis dei har det, og at dei får vite at det finst hjelp å få, seier Tilde.