Regjeringa i Kviterussland tvinga flyet ned for å arrestera ein journalist som heiter Roman Protasevich, skriv News For Kids.
I august i fjor heldt Kviterussland val og resultatet av det var at president Aleksander Lukashenko vann for sjette gang. Mange menneske og utanlandske regjeringar stilte spørsmål ved valresultatet og titusenvis av menneske protesterte mot det i fleire månader.
Regjeringa slo hardt ned på protestane. Politikarar som var mot Lukashenko, vart arresterte eller tvinga til å forlata landet. Det same gjaldt for mange journalistar.
Skulda for å ha «kapra» flyet
Roman Protasevich har kritisert regjeringa i Kviterussland i sosiale medium, noko som har ført til at Kviterussland har skulda han for å vera «terrorist». Etter at flyet vart tvinga ned, vart Protasevich og kjærasten hans ført vekk.
Land over heile verda har skulda Kviterussland for å ha «kapra» flyet. Dei krev at Protasevich skal lauslatast.
EU har kunngjort sanksjonar mot Kviterussland, og mange flyselskap nektar å fly til eller over landet. Russland er eit av få land som støttar Kviterussland.